- ÅPNINGSSIDE
- NYHETER
- OM OSS
- PROSJEKTER
- INSPIRASJON
Indre Sogn psykiatrisenter(30.08.2004)
Psykiatrisenteret ligg i Sogndal nærare bestemt på Rutlin, ein grusterasse med fruktgardar og med utsikt ned på Sogndal sentrum, ut fjorden og inn i dalen mot vest.Denne tomta har lang kulturhistorie; det er funne spor av eit stort langhus frå folkevandringstida. Psykiatrisenteret med dei to bygningane, døgnavdelinga i nord og BUP-avdelinga i sør, er lagt på kvar side av langhuset som vert ein del av tunet, eit lunt rom mellom husa. Langhuset er synleggjort ved grusdekke og ein allè av tre; eit i kvart av dei påviste stolpehola. I mørket vert allèen opplyst av LED-armaturar i bakken.
Uteromma ved BUP-avdelinga er utforma ulikt. Lengst mot sørøst er dei minste sin fløy med sandkasse og øy med gras og tre på. Utanfor aktivitetsrom og gymsal mot vest er ei plenflate med tråkheller avgrensa av ein klipt oval bøkehekk.
Atriet i midten med det grøne botndekke, det raude treet, kvite grusen og steinane med fuglebad formidlar ro. Desverre vart vasspegel og rennande vatn tatt ut grunna innsparingar. I forlenginga av atriet er det ein frukthage som også formidlar overgang mellom dei ulike uteromma.
I anlegget er det brukt gjennomgåande naturmaterialar som grus, skiferheller og natursteinsmurar. Forutan frukttre er det planta rogn, ask, svarthyll, søtmispel, kaprifol og bærbuskar for å nemne noko.
Det er lagt vekt på årstidsvariasjonar med blomstring og høstfargar, men også dufter.
